ETNE KOMMUNE

LEDIGE STILLINGAR

Ledige stillingar oppdatert 26.02.10

LEDIGE STILLINGAR VED PLEIE- OG OMSORGSEININGA Søknadsfrist 28.02.09
LEDIG STILLING SOM FYSIOTERAPEUT Søknadsfrist 15.03.10
RINGEVIKARAR

 


RINGEVIKARAR

Miljøarbeidartenesta i Etne kommune har tilbod til om lag 15 personar som er funksjonshemma, utviklingshemma eller har anna behov for hjelp og oppfølging. Mykje av arbeidet skjer ettermiddagstid og kveldstid eller i helger.

Vi har behov for ringevikarar. Opplæring blir gitt.

Ta kontakt med Tor Halland, 911 93 373 eller Atle Aas 954 94 929. Send kortfatta søknad merkt med vikar, miljøarbeidartenesta, og nokre ord om deg sjølv til:
Etne kommune
Boks 54
5591 Etne




LEDIG STILLING SOM FYSIOTERAPEUT
Helse og sosialavdelinga i Etne kommune har ledig 100% stilling som offentleg godkjent fysioterapeut for snarleg tiltreding.

Arbeidsstad er lokalisert til Etne og Skånevik.

Arbeidsoppgåver:

  • Førebyggjande arbeid ved helsestasjon, barnehage, skule og i pleie- og omsorgstenester
  • Anna førebyggjande og helsefremjande arbeid i samarbeid med andre yrkesgrupper
  • Kurativ behandling i minst 50 %
  • Habilitering/rehabilitering i kommunen
  • Hjelpemiddelformidling

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend fysioterapeut
  • God evne til systematisk og sjølvstendig arbeid
  • Gode evner til samarbeid

Løn etter gjeldande tariff. Tilsetjing elles etter vanlege kommunale vilkår.
Søkjar må kunne disponere eigen bil i tenesta.

Ved spørsmål om stillinga, kontakt med helse- og sosialleiar Frode M. Ingvaldstad tlf. 53 75 81 21 / mob. 9322 3884 eller
fysioterapeut Sylvia Thör tlf. 53 75 85 57 / mob 9750 2757

Søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål på norsk vert å senda til
Etne kommune, Postboks 54 , 5591 Etne.

Søknadsfrist: 15.03.10

 



 

 

 


LEDIGE STILLINGAR VED PLEIE- OG OMSORGSEININGA

HELSEPERSONELL

Har du lyst til å arbeida med eldre menneske?
Er du omsorgsfull og positiv?
Er du fleksibel og har godt humør?
Er du løysningsorientert og flink til å samarbeida med andre?
Då er du gjerne den som me ønskjer å jobba med?

Me søkjer etter:

Skånevik Omsorgssenter:
Sjukepleiar fast 45 % turnus, ledig frå 1.4.
Kontaktperson Inger Marie Skarstein tlf 53 75 85 58/ 919 17 535

Etne Omsorgssenter
Sone 1
Sjukepleier fast 68,2 % i turnus, frå d.d.
Helsefagarbeidarar fast helg, 2 stillingar 16,2 % og 15,68 % dementavdeling
Helsefagarbeidar, vikariat: 53,45 % turnus fom snarast tom. 18.10.10
Kontaktperson Doreen Halleland tlf 53 75 81 45 Ønskjer ikkje å bli kontakta av telefonseljarar.
Sone 2
Helsefagarbeidar fast 33,22 % i turnus frå d.d
Helsefagarbeidar fast, helg 13,10 % frå d.d.
Helsefagarbeidar vikariat 50 % frå dd til medio nov. 2010.
Kontaktperson Ruth Økland tlf 53 75 81 44 Ønskjer ikkje å bli kontakta av telefonseljarar.

Lærlingar i helsefagarbeid 2 plasser ledig frå august 2010
Kontaktperson Reidun Børve, mobil 950 00 155 Ønskjer ikkje å bli kontakta av telefonseljarar.

Elles søkjer me etter personar med relevant erfaring som ønskjer å jobba hos oss som ringevikarar og ferievikarar.

I Etne kommune har me integrert teneste dvs at me jobbar både i institusjon og ute i heimetenesta.

Søkjarar med bilsertifikat blir prioritert.

Søknad med CV og rettkjende kopiar av attestar og vitnemål på norsk skal sendast til:
Etne kommune, Postboks 54, 5591 Etne

Søknadsfrist: 28.2.2010