Arealoverføring | ||||||||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | ||||||||||
| Generelt | ||||||||||
| Omtale Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slipp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skjøyte og slå saman eigedommane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing. | ||||||||||
| Målgruppe Eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameie | ||||||||||
| Kriterium/vilkår Det må liggje føre eit løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova. Nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet må òg liggje føre. | ||||||||||
| Regelverk | ||||||||||
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 15 Arealoverføring Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 20-1 Tiltak som krever søknad og tillatelse Forskrifter Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 33 Arealoverføring | ||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Partane er ansvarlege for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Selgjaren skal godtgjere at oppgjersform er avtalt og at oppgjeret er sikra. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand. | ||||||||||
| Skjema Blanketter fra Statens Kartverk Erklæring om arealoverføring | ||||||||||
| Søknaden sendes til Etne kommune | ||||||||||
| Sakshandsaming Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak etter plan- og bygningslova. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten. | ||||||||||
| Sakshandsamingstid Når det ligg føre eit endeleg vedtak etter plan- og bygningslova, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt. | ||||||||||
| Klagemulighet Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på arealoverføringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lar avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. | ||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig eining
| ||||||||||
Kontaktpersonar
| ||||||||||
| Andre opplysningar | ||||||||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
