Avlasting | |||||
| Oppdatert: 21.03.2012 10:11 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Har du omsorgsoppgåver som gjer at du har behov for avlasting? Kommunen kan til dømes gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastingsopphald på sjukeheim. Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt. Tilbodet er ikke ei lovfesta rettigheit, men noko kommunen tilbyr etter grundig sakshandsaming. Tilbodet kan og gis i private heimar etter avtale. Dette forutset at kommunen klarar å rekruttere friviljuge familiar til å utføre tenesta. Søkar har høve til å foreslå aktuelle kandidater til å utføre avlastinga. Kommunen dekkjer utgifter til mat, vask og transport. | |||||
| Målgruppe Den som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande | |||||
| Kriterium/vilkår Du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellomt dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:
Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester ein skal gi. I hovudsak forventar ein av brukar at ein varslar om endringar i trong for avlasting seinast ei veke før avtalt avlasting. Brukar skal stille med alle dei personlege effekter som krevs for å kunne gjennomføre aktuelle aktivitetar. Ein forutset at avlastingsheim og brukar/pårørande i saman definerer aktuelle helger/dagar i medhald av vedtak. | |||||
| Pris for tenesten Tenesta er gratis. Avlastning - andre kostnadar | |||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande Veileder for klage Håndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen | |||||
| Regelverk | |||||
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) § 2-8 Forskrifter Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting. | |||||
| Sakshandsaming Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. | |||||
| Sakshandsamingstid Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort. | |||||
| Klagemulighet Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-03-21 10:11 |
