Barnehage - etablering og drift

Oppdatert: 13.02.2012 14:36
Generelt
Omtale

Før ein kan setje i drift ein barnehage, skal han godkjennast av kommunen. Barnehagar som oppfyller dei tre kriteria/vilkåra i feltet under, må ha godkjenning. Barnehagar som ikkje oppfyller desse kriteria (til eksempel ope barnehagar) kan velje å søkje godkjenning. For å få godkjenning, pliktar barnehageeigaren å drive verksemda i tråd med gjeldande regelverk når det gjeld både pedagogisk innhald og helse, miljø og tryggleik. Krava er blant anna:

  • Vedtektene til barnehagen skal blant anna gje opplysningar om formål, opptakskriterium og opningstider
  • For å sikre samarbeidet med heimane til barna skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval
  • Barnehagen skal føre internkontroll
Målgruppe

Barnehageeigarar

Kriterium/vilkår

For barnehagar som må ha godkjenning, gjeld:

  • Barnehagen skal drivast på regelmessig basis og minst eitt av barna vil opphalde seg i barnehagen i meir enn 20 timar i veka
  • Talet på barn som er til stades på same tid, er ti eller fleire når barna er tre år eller meir, eventuelt fem eller fleire når barna er under tre år
  • Verksemda blir drive mot godtgjering
Samarbeidspartnarar

Styresmaktene knytte til helsesaker og til plan- og byggjesaker, brannvesenet, arbeidstilsynet.

Regelverk

Lover
Lov om barnehager (barnehageloven)
Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) kap. 3 - miljørettet helsevern
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 10-9 Politiattest

Forskrifter
Forskrift om (...) dispensasjon og unntak fra utdanningskravet
Forskrift om (...) kontroll av beregning og utbetaling av kontantstøtte
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlig tilskudd til ikke-kommunale barnehager
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Forskrift om pedagogisk bemanning
Forskrift om politiattest etter barnehageloven
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage
Forskrift om særbehandling av menn

Rettleiing
Kvalitet i barnehagen - St.meld. nr. 41 (2008-2009)
Mønsteravtale mellom kommunen og private barnehager
Om nye regler for kommunenes tilskudd til private barnehager (rundskriv)
Rammeplan for barnehagen - temahefter
Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen
Rapportering av årsmelding for barnehager
Retningslinjer for revisorattestasjon for årsregnskap av ikke-kommunale barnehager (F-06-11)
Rutiner for legemiddelhåndtering i barnehage, skole og skolefritidsordning
Statstilskudd på barnehageområdet (rundskriv)
Statstilskudd til nye barnehageplasser (rundskriv F-04-10)
Utmåling av kommunalt tilskudd til ikke-kommunale barnehager (rundskriv F-07-10)
Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler (IK-2619)
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen vil kunne rettleie deg om kva godkjenningar/uttaler du som barnehageeigar må skaffe før dei ansvarlege styresmaktene for barnehagane kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor tidleg kontakte kommunen for å få informasjon om kva krav kommunen stiller.
Sakshandsamingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Fylkesmannen. Før kommunen sender klagen dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Bjørn Eikemo
Kontaktpersonar
Dagfinn Garnes Johnsen (Pedagogisk rådgjevar)
Telefon: 53758125
Mobil:
Telefaks:
Epost: dagfinn.garnes.johnsen@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-02-13 14:36

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne