Bompengar - privat veg | |||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Kommunen kan gje samtykke til at eigarar av privat veg kan krevje inn bompengar for å bruke vegen. Kommunen fastset storleiken på avgifta og kan gje vilkår for bruken av bompengane. Kommunen fastset òg om det skal krevjast tilleggsavgift når bompengane ikkje blir betalte, og storleiken på tilleggsavgifta. | |||||
| Kriterium/vilkår Kommunen vurderer om det er rimeleg å krevje bompengar i lys av
Alternativet er at utanforståande ikkje får lov til å bruke vegen. Det blir skilt mellom dei brukarane som nyttar privatvegen for tilkomst til eigedommane sine, og dei som er på besøk eller ikkje har fast tilknytting til vegen. | |||||
| Regelverk | |||||
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Veglova § 56 | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Søknad om samtykke til å krevje bompengar av utanforståande blir fremja av vegeigaren eller veglaget, det vil seie dei som eig vegen og held han i stand. Kommunen kan gje rettleiing. | |||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
