Brann- og feietenester

Alarmtelefon: 110 (Haugesund Brannstasjon)

Brannvesenet:
Brannsjef: Morten Svandal , tlf  468 19 649

Ved all bålbrenning må du ta kontakt med  Tenestetorget som vidaresender beskjed til brannsjef eller den som har vakt. All bålbrenning er i utgangspunktet forbode i perioden 15. april - 15. september. Ønskjer du å brenna bål i denne perioden må du søkja brannsjefen om dispensasjon. Link til lokal forskrift

 

Etne brannstasjon:

Brannastjons

Beredskapsstyrken ved Etne brannstasjon har følgjande utstyr til disposisjon på brannstasjonen:

  • Mannskapsbil med minst 2000 liter vatn, mannskapskabin, naudsynt utstyr som førsteutrykkingsbil
  • Redningsbil med frigjeringsutstyr
  • Reservebrannbil og utstyrsbil, Dodge
  • Tankbil med 6000 liter vatn (i sameige med Vindafjord brannvesen stasjonert i Ølen)
  • Pumper, slangar og anna sløkkeutstyr tilpassa risikotilhøva og i høve til dei tilleggsoppgåvene brannvesenet er tillagt

Brannførebyggjande avdeling:

Vindafjord og Etne kommune

Branningeniør: Solveig Hortman , tlf 53 65 61 33

Brannførebyggjande avdeling er ei interkommunal ordning mellom Etne og Vindafjord kommunar der branningeniør rullerer i dei 2 kommunane.

Arbeidsoppgåver er mellom anna brannsyn, ansvar for feietenesta, opplæring i skular og barnehagar.

Feietenesta inngår i brannførebyggjande avdeling, og utfører mellom anna tilsyn med piper og eldstader og feiing av piper.

Kontaktperson for feiietenesten er Torsten Meinke tlf. 91726933

Skånevik brannstasjon:

Beredskapsstyrken ved Skånevik brannstasjon har følgjande utstyr til disposisjon på brannstasjonen:

  • Mannskapsbil med 2000 liter vatn, mannskapskabin, naudsynt utstyr som førsteutrykkingsbil
  • Reservebrannbil og utstyrsbil, Dodge
  • Pumper, slangar og anna sløkkeutstyr tilpassa risikotilhøva, og i høve til dei tilleggsoppgåvene brannvesenet er tillagt
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut