Brukarstyrt personleg assistanse | |||||
| Oppdatert: 21.03.2012 14:54 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Er du sterkt funksjonshemma og treng praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, kan du søkje om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Innafor det timetalet som kommunen gjev, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistenten(-ane) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i funksjonshemminga. | |||||
Målgruppe
| |||||
| Kriterium/vilkår Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet. | |||||
| Regelverk | |||||
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven Lover Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-8 - Brukerstyrt personlig assistanse Rettleiing Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv) Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv) Rett til egen tros- og livssynsutøvelse | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt. | |||||
| Vedlegg Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg. | |||||
| Sakshandsaming Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. | |||||
| Sakshandsamingstid Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. | |||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meniner at vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-03-21 14:54 |
