Det er jobb til deg som støttekontakt eller avlastar i Etne kommune
Ein støttekontaktavtale omfattar vanlegvis 4 – 6 timar i veka på ettermiddagstid; eit avlastnings-/besøksheim omlag ein helg i månaden (fredag ettermiddag til søndag). Lønn, utgiftsdekking og køyregodtgjersle basert på KS sine satsar. Me krev godkjent politiattest.
Alderen på barna, grad av funksjonshemming og formål med /innhald i avtalen kan variera, me vil sjølvsagt ta omsyn til dine ønskjer og føresetnadar. Me ser helst at du bur i Etne kommune eller tilstøytande kommunar; det er en fordel om du disponerar bil.
Ønskjer du fleire opplysningar, ta kontakt med
konsulent for funksjonshemma Inger L. Rolland på tlf. 53 75 81 32 / 91810798
Barnevernkonsulent Nicola Schad på tlf. 53758133 / 43 75 81 33
Barnevernskonsulent Linda Kvamme på tlf. 53758126 / 48134757
Er du trygg, stabil og utadvendt, og har overskudd til å bruke litt av tida di på andre, håper me å høyre frå deg ! Me har fleire barn som ventar ……
