Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak | |||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum 10 år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket. | |||||
| Målgruppe Eigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) | |||||
| Kriterium/vilkår Kommunen vil leggje vekt på:
| |||||
| Regelverk | |||||
Sjå jordlova §§ 8 og 8a Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om jord (jordlova) Rettleiing Driveplikten etter jordloven (rundskriv) Driveplikten etter jordloven (rundskriv) | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Vedlegg Kart over eigedommen | |||||
| Søknadsfrist Innan eitt år frå overtakingsdato. | |||||
| Sakshandsaming Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter fattast det eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets utløp. | |||||
| Sakshandsamingstid Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta. | |||||
| Klagemulighet Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
