Elevar - det fysiske arbeidsmiljøet

Oppdatert: 08.05.2012 09:14
Generelt
Omtale

Både elevane, dei føresette og råd og utval som representerer desse, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld skulemiljøet. Skulen skal ta stilling til oppfordringa innan rimeleg tid og gjere eit skriftleg vedtak. Skulemiljøet omfattar både det fysiske miljøet slik som inneklima og leikeareal, og det psykososiale miljøet. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje og eventuelt gripe inn dersom dei får mistanke om at det går føre seg mobbing, vold eller rasisme på skulen.

Alle elevar i skulen har rett til eit godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Målgruppe
  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga
  • Føresette 
Regelverk

Lover
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 9a-2 Det fysiske miljøet
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 9a-3 Det psykososiale miljøet
Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø

Forskrifter
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Rettleiing
Materiell for helhetlig arbeid med læringsmiljøet
Opplæringsloven kapittel 9 a (veileder)
Retten til et godt psykososialt miljø (Udir-2-2010)
Praktiske opplysninger
Sakshandsamingstid

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klagemulighet

Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer noko vedtak, kan du likevel klage som om det var gjort eit vedtak. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen skal leverast til skulen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Bjørn Eikemo
Kontaktpersonar
Dagfinn Garnes Johnsen (Pedagogisk rådgjevar)
Telefon: 53758125
Mobil:
Telefaks:
Epost: dagfinn.garnes.johnsen@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-05-08 09:14

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne