Frivilligpris til Liv Tungesvik
Sunnhordland Prosti sin frivilligpris gjekk i går til Liv Tungesvik frå Skånevik
Sunnhordland prosti v/prostirådet oppretta Frivilligprisen for å stimulera frivillige medarbeidarar. Prisen er eit diplom med grunngjeving for tildeling og eit bilete.
Utdelinga fann stad i Nysæther kyrkje på Stord. Årets vinnar var Liv Tungesvik. Liv har dei siste 30 åra vore akvtivt medlem i Skånevik Sokneråd, mange av åra som leiar. Leiar i prostirådet, Svein Arne Theodorsen meinte prisen var høgst fortent og av Liv har ein CV på frivillig teneste som er heilt unik, spesielt arbeidet innan speidaren er ho var leiar i heile 55 år. Leiaren i Skånevik sokneråd, Eli Garvik seier Liv har gjort ein uvurderleg innsats for det kyrkjelege arbeidet i Skånevik.
