Fyrverkeri - handel og oppbevaring | |||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Ønskjer du og verksemda di å selje fyrverkeri i klasse II og III, må du ha løyve frå kommunen. Til å drive handel med fyrverkeri og til å oppbevare det. Godkjenning for å oppbevare fyrverkeri blir gjeven for mengder til og med 250 kg. For større mengder enn dette, må du ha godkjenning frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. | |||||
Kriterium/vilkår
| |||||
| Samarbeidspartnarar Noregs branntekniske laboratorium godkjenner fyrverkeri på vegner av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). | |||||
| Regelverk | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Søknadsfrist Innan 30. april i salsåret | |||||
| Sakshandsaming Kommunen registrerer søknaden og vurderer bygningsmessige forhold ved sals- og lagringsstaden. Også kompetansen til den ansvarshavande/avløysaren (dokumentasjon om gjennomført kurs) vil bli vurdert. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. | |||||
| Sakshandsamingstid Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplysningar om når ein kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. | |||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som avgjer om klagen skal takast til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
