Gravplass | |||||
| Oppdatert: 30.04.2012 10:20 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Alle som har bustad i kommunen, har rett til fri gravplass på ein kyrkjegard eller gravlund i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen kan få gravplass. Etter at fredingstida er omme, skal den som er ansvarleg for grava, få høve til å feste grava. Kistegraver kan festast saman til éin gravstad. I så fall er den grava som blir tatt i bruk først, fri grav i fredingsperioden. Ei anonym grav har ingen som er ansvarleg, og gravplasseringa er berre kjend for kyrkjegardsmyndigheitene. Fylkesmannen kan gi løyve til oskespreiing som eit alternativ til gravlegging på offentleg kyrkjegard. Dersom gravstaden vil ha ein spesiell offentleg interesse, kan Fylkesmannen gi løyve til privat gravplass for å setje ned oskeurna. | |||||
| Kriterium/vilkår Fredingsperioden for ei grav er minimum 20 år. Ein kan ikkje leggje festeavgift på ei fri grav i fredingsperioden. Etter at fredingsperioden er over, kan ei fri grav nyttast til ny gravlegging og festast. Festetida skal ikkje vere lenger enn 20 år. Festet kan likevel fornyast. | |||||
| Samarbeidspartnarar Kyrkjeleg fellesråd forvaltar kyrkjegardane i kommunen, men det er kommunen som løyver pengane til drifta. | |||||
| Regelverk | |||||
Lover Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) Forskrifter Forskrift til lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) Rettleiing Endringer i gravferdsloven og kirkeloven (rundskriv) | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-04-30 10:20 |
