Gudrun og Georg Nervik's legat

Legatet er ei testamentarisk gåve frå Gudrun og Georg Nervik. Det er vedtatt følgjande vedtekter for stiftinga:
 

1. Stiftinga etter Gudrun og Georg Nervik er ei privat stifting oppretta på grunnlag av ei testamentarisk gåve frå Gudrun og Georg Nervik til skuleborn i Etne kommune. Gåva har pr. 01.01. 1993 ein grunnkapital på kr. 3.348.107,30. Kapitalen vart i 1994 redusert med 834.878,00 etter krav frå Skattefuten til dekning av arveavgift.
 

2. Stiftinga har til føremål å oppmuntre og motivere skuleborn til vidare sparing slik at mottakar kan ha ein viss reserve til å bruke i utdanning eller til nødvendige høve seinare i livet.
 

3. Etne skulestyre er styre for stiftinga. Leiar i skulestyret er leiar i styret for stiftinga. Styret sender melding til fylkesmannen i samsvar med §19 i lov om stiftelsar m.m.
 

4. Årsmelding og revidert rekneskap skal leggjast fram for skulestyret før ].april. Revisjon av rekneskapen vert lagt fram til kommunerevisor (jfr. §11 i Lov om stiftelser m.m.).
 

5. Styret skal sjå til at

  • Alle born som kvart år byrjar i 1.klasse i grunnskulen i noværande Etne kommune får gåva.
  • Gåva er ei bankbok med helsinga: "Denne bankboka er ei gåve frå Gudrun og Georg Nervik. Føremålet med gåva er å oppmuntre og motivere til vidare sparing slik at du kan ha ein viss reserve til utdanning eller til nødvendige høve seinare i livet".
  • Gåva vert overrekt av rektor ved skulen fyrste skuledagen i Etne kommune.
  • Gåva fyrste gong går til barn som startar i grunnskulen hausten 1993.

     

6. Styret skal vidare sjå til at storleiken på gåva vert utrekna slik:

  • Grunnkapitalen skal vere urørleg. Minst 5% av kap italavkastninga skal leggjast til kapitalen.
  • Den årlege rentesummen (avkastninga) skal skiftast likt mellom alle born som kvart år byrjar i grunnskulen i noverande Etne kommune likevel avrunda nedover til næraste hundre kroner. Summen som kjem fram ved avrundinga, vert å leggja til fondskapitalen.
  • I utrekninga av beløpet som skal delast ut pr. barn pr. år, skal det leggjast til grunn gjennomsnittleg barnetal for det siste og dei neste 6 åra.
     

7. Styret skal plassere midlane trygt til best mogleg renteavkastning i Etne sparebank. Dersom renta som Etne sparebank er villig til å gi, er lågare enn ein gjennomsnittsrente på liknande innskot i andre bankar, kan plassering i annan bank takast opp til vurdering.
 

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne