Høyring endring av retningsliner for skuleskyss

Skulebuss

Høyringsfrist 25. mai 2017

2017-05-15

Retningsliner for skuleskyss vart sist rullert 14.12.2010. Når det no vert arbeidd med gang- og sykkelveg frå Etne sentrum til Mosvingen med opning hausten 2017, er det naturleg med ei ny rullering av retningslinene for skuleskyss.
Når den nye gang- og sykkelvegen vert opna, vil strekninga Mosvingen-Etne sentrum ikkje lenger vera klassifisert som farleg skuleveg. Elevar som bur langs E134 mellom Mosvingen og Etne sentrum og elevar som bur i Fossavegen og som har kortare veg enn skyssgrensene til skulen, vil ikkje lenger ha rett til fri skyss til skulen.

I samband med rullering av retningslinene er det naturleg å sjå på alle vegar som er klassifiserte som trafikkfarlege. Etter ei samla vurdering har ein vurdert å sjå på Stødlebakken i tillegg til E134. Denne er etter siste rullering av retningsliner for skuleskyss klassifisert som trafikkfarleg. Kommunestyret vedtok då at elevar i  1.-5. klasse som må bruka Stødlebakken og ikkje har alternativ farande veg under skyssgrensene,  får fri skuleskyss til og frå skulen.  

Det er gjennomført trafikkteljing i Stødlebakken ½ time før skulestart og ½ time etter skuleslutt følgjande dagar:

 21.04.2017
Morgon               15 bilar ned Stødlebakken 3 bilar opp Stødlebakken
                               Skulebussen opp Stødlebakken kl. 08.35 (1 elev gjekk på bussen)
                               1 traktor ned Stødlebakken

28.04.207
Morgon               11 bilar ned Stødlebakken
                               6 bilar opp Stødlebakken
                               Skulebussen opp Stødlebakken kl. 0835 (1 elev gjekk på bussen)
                               1 moped
                               4 syklistar

Ettermiddag      8 bilar ned Stødlebakken (ein  av bilane var drosjen som køyrde opp og ned,                                   elevkøyring)
                               5 bilar opp Stødlebakken Stødlebakken (ein  av bilane var drosjen som køyrde opp og                                ned, elevkøyring)
                               Skulebussen opp stødlebakken kl. 1442 (1 elev gjekk av bussen)
                               1 vogntog køyrde ned bakken kl. 1430
                               3 syklistar sykla opp bakken

02.05.2017
Morgon               12 bilar ned Stødlebakken
                               5 bilar opp Stødlebakken
                               Skulebussen kl. 0835 (Ingen gjekk på bussen)
                               3 syklistar

05.05.2017
Ettermiddag      7 bilar ned Stødlebakken (ein  av bilane var drosjen som køyrde opp og ned,                                   elevkøyring)
                               11 bilar opp Stødlebakken (ein  av bilane var drosjen som køyrde opp og ned,                                                elevkøyring)
                               Skulebussen køyrde opp Stødlebakken kl. 14.43 (2 elevar gjekk av bussen)
                               1 moped køyrde opp Stødlebakken

Trafikkteljinga viste at det var frå 1-4 min mellom kvar bil som køyrde ned eller opp Stødlebakken. Unntaksvis kom to bilar samstundes.

I 2010 viste trafikkteljinga 19 bilar og 2 lastebilar/traktorar før skulestart og 8 bilar og 5 lastbilar/traktorar etter skuleslutt. Dvs at trafikkmengda ikkje har endra seg noko særleg.

Nedre del av Stødlebakken frå kryss Stødlevegen/Sørheimsvegen er oversiktleg og breiare enn øvre del av bakken. Bortsett frå eit tre på venstre sida av vegen like ovanfor prestebustanden, er det ingen fysiske hinder korkje på høgre eller venstre side av vegen. Skulebussen går opp Stødlebakken både både morgon og ettermiddag. Bussen stoppar i krysset Stødlevegen/Sørheimsvegen og i krysset Stødlevegen/Gilavegen på toppen av Stødlebakken.

Ein bed om høyringssvar på følgjande:

  • For elevar som tek bussen frå busstopp Stødlevegen/Sørheimsvegen er det alternativ veg frå Heggelund på Sørheimsvegen og ut på Stødlevegen ved prestebustaden. Denne kan nyttast dersom ein ikkje får lenger veg enn skyssgrensene. Det skal vera farande veg. Det vil sytast for at vegen vert brøyta når det er behov for det.
  • For elevar som tek bussen frå busstopp Stødlevegen/Gilavegen (toppen av Stødlebakken), er det alternativ veg langs Gilavegen og Sillavegen over Kambe.  Denne vegen kan nyttast for elevar som ikkje får lenger skuleveg enn skyssgrensene.

Noverande retningsliner for skuleskyss

Skule

Veg

Strekning

Periode

Klassar

Rygg

E 134

 

Heile året

1.-  4. kl.

Nedre Kyrping – kryss gml europaveg

Heile året

1.-  4. kl.

Skånevik

FV 48

FV 48

FV 34

FV 34

Nesvåg – Skånevik omsorgssenter

Nesvåg – Skånevik omsorgssenter

Skoga – Campingplassen

Skoga – Campingplassen

Heile året

1.11-1.4

Heile året

1.11-1.4

1.-  7. kl.

8.-10. kl.

1.-  7. kl.

8.-10. kl.

Enge

E134
E134

FV 48

FV 34

FV 34

FV 35

Geitaberg - Mørkeli
Sentrum – Håfoss

Håland – Hålandskrysset

Fjøsna – Fitje

Fjøsna – Fitje

Østrem – Prestebustaden
(Det er Stødlebakken som vert rekna som trafikkfarleg.)

Heile året
Heile året

Heile året

Heile året

1.11-1.4

Heile året

1.-10. kl.
1.-10. kl.

1.-  5. kl.

1.-  7. kl.

8.-10. kl.

1.-  5. kl.

Nedre Kyrping – kryss gml europaveg

Heile året

1.-10. kl.

           
  • Elevar som bur langs trafikkfarleg veg og som kan nytta alternativ veg, skal nytta denne så sant han er kortare enn skyssgrensene.
     
  • Rett til fri skuleskyss i Etne kommune har elevar som har lengre veg mellom heimen og skulen enn det som er vist under:
    1. klasse              2 km
    2. klasse              3 km
    2.-10. klasse      4 km

 

 

Høyringssvar sendast Etne kommune innan 25.05.2017 på e-post firmapost@etne.kommune.no

Eller pr post til:

Etne kommune
Sjoarvegen 2
5590 Etne

 

 

 

Tip a friendTips ein ven