Incestsenter

Oppdatert: 21.03.2012 15:00
Generelt
Omtale

Du kan ta direkte kontakt med eit incestsenter. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis. Incestsenteret gjev tilbod til vaksne og ungdommar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep som born. Også føresette og eventuelle partnarar kan vende seg til incestsenteret. Incestsenteret driv òg førebyggjande arbeid gjennom undervisning og informasjonsarbeid.

Tilbodet til incestsenteret omfattar m.a.:

  • Einesamtalar
  • Trening i å byggje relasjonar til andre menneske
  • Sjølvhjelpsgrupper der ein arbeider seg gjennom kjensler saman med andre. Brukarane hjelper kvarandre i prosessane - både med å kome ut av fastlåste mønster og å ta ansvar for eige liv 
Målgruppe
  • Personar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep
  • Foreldre og pårørande til born som utsetjast for overgrep
Samarbeidspartnarar

Det blir gjeve statleg og kommunalt tilskott til drift av incestsenteret. Incestsenter er ikkje ein del av den ordinære verksemda i kommunen, men det er kommunen som søkjer om statstilskott og godkjenner budjettet til incestsenteret.

Regelverk
Denne tenesta er ikkje lovpålagd.

Rettleiing
Statstilskudd til incestsentre 2011
Praktiske opplysninger
Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Helse og sosial
Leder:Kjetil Solvi Nordstrøm
Kontaktpersonar
Kjetil Solvi Nordstrøm (Leiar)
Telefon: 53758121
Mobil:
Telefaks:
Epost: kjetil.solvi.nordstrom@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-03-21 15:00

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne