Pleie og omsorg

Sjukeheimar i Etne kommune
Etne Omsorgssenter har 36 sjukeheimsplassar.
Ekspedisjonstid 8:00 – 15:00
Telefon 53 75 81 40
Besøksadresse: Gjerdsrabbane, Etne
Skånevik Omsorgssenter har 8 sjukeheimsplassar og 8 plassar i bukollektiv.
Ekspedisjonstid 8:00 – 15:00
Telefon 53 75 85 50
Besøksadresse: Skånevik
Sjukeheim er ei buform spesielt tilrettelagt for sjuke og eldre som har vanskeleg for å dekka sine behov for behandling, pleie og omsorg i eigen heim, men som ikkje treng opphald i sjukehus.
Alle innbyggjarar i kommunen har rett til nødvendig helsehjelp som heimesjukepleie eller plass i sjukeheim for behandling, pleie og omsorg. Kommunen har plikt til å yta, men ingen kan krevja ei bestemt type hjelpeteneste, t.d. plass i sjukeheim. Opphald i sjukeheim er frivillig og ingen skal bli tildelt plass mot sin vilje.
Ein blir tildelt plass i sjukeheim etter søknad. Ledige plassar vert i første rekkje tildelt etter vurdering av den einskilde søkjar sitt behov, ikkje berre utifrå kor lenge ein t.d. har venta på plass.
Bebuarar kan flytta frå sjukeheimen når dei sjølv ønskjer det. Utflytting mot bebuar sitt ønskje kan berre skje når faglege og medisinske grunnar talar for det, t.d. når ein er blitt så frisk at ein ikkje lenger treng døgnkontinuerleg behandling, pleie og omsorg. Ved korttidsopphald skal opphaldet normalt avsluttast den datoen som er avtalt.
Ulike buformar ved omsorgssentera
Andre pleie og omsorgstenester som kommunen kan tilby
Tenester frå pleie –og omsorgsavdeling i Etne kommune får du etter ein skriftlig søknad.
Søknadsskjema kan du få ved å henvenda deg direkte til eit av omsorgssentra eller til Tinghuset i Etne.
Ansatte hos oss kan hjelpa deg å fylla ut søknadsskjema om du skulle ha behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkomande ha fullmakt frå deg.
