Formannskap 2011— 2015
Formannskapet har, på kommunestyret sine vegner, det folkevalde leiingsansvaret for forvaltning og tenesteytande verksemd innan områda
- Økonomi – fremjar innstilling til kommunestyret i saker som gjeld årsmelding, rekneskap, budsjett, økonomiplan, skattevedtak, budsjettendringar, gebyr og avgiftsatsar (jf. koml. § 3 pkt. 1).
- Kommuneplan
- Sivil beredskap (Beredskapslova)
- Overordna miljøvern
- Hastesaker (jf. § koml. § 13)
- Likestillingssaker
- Arbeidsgjevarpolitikk
- Næringsutvikling
- Overordna samferdsel
- Bygnings- og eigedomsforvalting
- Formannskapet skal ta opp ad hoc-saker og saker som ikkje fell naturleg inn under andre styre sitt arbeidsområde.
Formannskapet skal sjå til
- at oppgåvene innan arbeidsområdet vert løyst på ein effektiv og god måte
- at løyvde midlar vert nytta i samsvar med budsjettet
- at det vert etablert tenlege rapporteringsrutiner.
Formannskapet skal ivareta særlovsfunksjonar innanfor arbeidsområdet og gjere vedtak innanfor dei rammene og etter dei retningslinene som er fastsett i lov, gjevne i medhald av lov eller vedtekne av kommunestyret, der dette ikkje er delegert til administrasjonen. Formannskapet kan vidare gje fråsegn i saker som er sende til kommunen og som vedkjem formannskapet sitt ansvarsområde.
Formannskapet gjer vedtak i saker der kommunestyret har delegert avgjerdsrett til formannskapet. Formannskapet kan delegere avgjerdsrett i saker vidare til rådmannen, jfr. § 23.4 i kommunelova. I så fall skal det gjerast vedtak om endring i delegasjonsreglementet for delegerte saker til administrasjonen.
Formannskapet handsamar saker som har karakter av endring av organisasjonsstrukturen.
Medlemmer
Navn
Funksjon
Representer
Telefon
Mobil
Sigve Sørheim
Ordførar
Senterpartiet
53758005
41561555
Siri Klokkerstuen
Varaordførar
Arbeiderpartiet
53756868
90880659
Mette Heidi B. Ekrheim
Senterpartiet
48006560
Roar Gundegjerde
Høgre
99360710
Roger Nilsen
Fremskrittspartiet
90197895
Ole Stølås
Arbeiderpartiet
90130755
Ingemund Berge
Kristleg folkeparti
53756289
41336909
