Postvegen Etne - Skånevik

Postmann med posthorn på veg over fjellet
Postmann med posthorn på veg over fjellet
Poststasjonane låg på Flåto i Etne og på Leknes i Skånevik. Bønder var utskrivne til skyssteneste (postbønder). Dei hadde ikkje løn, men slapp militærteneste. Dersom det var nøødvendig skulle dei svara med livet for at posten skulle koma fram!
Postvegen mellom Etne og Skånevik
Postvegen mellom Etne og Skånevik
Frå gamalt vart posten langs Vestlandskysten send med båt. Det var gamle jekter som var avhengige av ver og vind, og postgangen kunne derfor bli svært ujamn. Etter kvart vart det eit folkekrav å få meir faste, regelmessige postruter. Skulle ein oppnå det, måtte mesteparten av postføringa leggjast på land. Difor tok ein til å byggja dei første postvegane. Dette vegarbeidet var plikt-arbeid.

Ein av desse vegane "Den Stavangerske Hovedvei" frå Bergen til Stavanger - vart opna i 1785. Ein gong i veka gjekk det post kvar veg. Postvegen som her er omtala var ein del av denne ruta.
Postvegen Ølfarnes til Leknes
Postvegen Ølfarnes til Leknes
Den prikka linja viser kor posten blei rodd over frå Ølfarnes til Leknes
Veg mellom Etne og Skånevik
Veg mellom Etne og Skånevik
Frå Etne til Skånevik kan ein rekna at det tok 1,5 time å gå til det høgaste punktet på vegen - varleitet, 620 moh. Herfra kan ein gå innover mot Stødlehetta (776m) eller utover til Veten (634m)
Utsyn utover heile øyriket i Sunnhordland
Utsyn utover heile øyriket i Sunnhordland
Frå Høgdene får ein eit framifrå utsyn - ikkje berre over Etne (som til høgre) eller Skånevik, men utover heile øyriket i Sunnhordland.
Desse har vore postbønder i Etne:

Jon Olsson gjerde (1764 - 1830)
Bård Jakobsson Flåto (1751 - 1821)
Knut Helgesson Gjerde (1755 - 1821)
Lars Sjursson Flåto (1781 -1867)
Bård Larsson Flåto (1812 - 1902)
Bård Larsson Flåto var den siste postbonden i Etne, og den første postopnaren då postopneriet i Etne vart oppretta i 1845.

Postruta over fjellet vart nedlagt då vi fekk faste dampbåtruter i 1866. I 1932 kom dei første postførande bilrutene frå /til Haugesund

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne