Send SMS til Etne Kommune

Nå kan ein senda spørsmål via SMS til Etne Kommune. Send kodeord Etne + spørsmål til 1980

Treng du hjelp til å finna fram i det offentlege, kan du nå sende SMS (tekstmelding) til Etne Kommune. Me hjelper deg med å finne fram til offentleg informasjon, og offentlege tenester. Du betalar kun vanleg takst til din teleleverandør når du sender melding til oss.

Husk at SMS egner seg best til spørsmål som kan svarast på kort, då me berre har 160 teikn som kan nyttast. Dersom du har omfattende spørsmål eller ønskjer lenker til nettsider, bør du kontakte oss via nettprat, e-post eller telefon.

Slik sender du SMS til Etne Kommune:

SMS Ikon
Etne <ditt spørsmål> til 1980


Du skriv kodeordet Etne, tastar mellomrom, skriv  inn spørsmålet ditt og sender meldinga til telefonnummer 1980.

Eksempel:

ETNE Kva er e-postadressa til ordførar?

Send meldingen til 1980.

Sender du SMS i opningstida vår, vil du få svar etter kort tid. Dersom du sender SMS utenom opningstida, vil me senda deg svar neste virkedag.

Opningstidene våre er :
Vintertid: 15.09. -14.04. måndag–fredag kl. 0800 - 1600
Sommartid: 15.04. - 14.09. måndag - fredag kl 0800 - 1530

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne