Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar | |||||
| Oppdatert: 21.03.2012 15:00 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Føremålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at du bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at du har behov for grunnleggjande kvalifisering. Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 stønad. | |||||
| Målgruppe Du er nytilkomen flyktning mellom 18 og 55 år og har fått innvilga opphaldsløyve som lista opp nedanfor. Med nytilkomen reknar ein at du har vore i landet under to år. | |||||
| Kriterium/vilkår Eit av følgjande kriterier gjeld:
| |||||
| Regelverk | |||||
Kommunen skal sørgje for introduksjonsprogrammet. Lover Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) § 3 Kommunens ansvar for introduksjonsprogram Forskrifter Forskrift om Nasjonalt introduksjonsregister Forskrift om fravær og permisjon ved deltakelse i introduksjonsordning Forskrift om opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere Rettleiing Samarbeid mellom kommunen og Arbeids- og velferdsetaten om introduksjonsordningen (rundskriv) | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Sakshandsamingstid Kommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysninger om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte. | |||||
| Klagemulighet Du kan klage på vedtak om
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-03-21 15:00 |
