Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning | ||||||||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | ||||||||||
| Generelt | ||||||||||
| Omtale Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold eller katastrofeprega tap av sau på beite.
Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. | ||||||||||
| Målgruppe Landbruksføretak som
Føretak med honningproduksjon som ikkje er registrerte som meirverdiavgiftspliktige, kan likevel få erstatning dersom dei har hatt ein omsetnad på minst 20 000 kroner innanfor honningproduksjon dei siste tolv månadene før tapet oppstod. | ||||||||||
| Kriterium/vilkår Du får ikkje dekt tapet gjennom ei vanleg forsikringsordning eller på annan måte. For skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at du gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at du vil få eit tap. | ||||||||||
| Regelverk | ||||||||||
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om jord (jordlova) Forskrifter Forskrift om erstatning for tap av sau på beite Forskrift om erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon | ||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Statens landbruksforvaltning. Skjemaet sendar du til kommunen. | ||||||||||
| Skjema Avlingssvikt - klimabetingede tap Søknad om erstatning etter offentlige pålegg og restriksjoner i plante-, honning-, og husdyrproduksjon og for tap av sau på beite Søknad om erstatning for svikt i honningproduksjon Vinterskade på eng | ||||||||||
| Søknadsfrist Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:
Erstatning ved katastrofetap er tre månader etter at skaden blei oppdaga eller burde vore oppdaga. For katastrofetap av sau på beite er søknadsfristen sett til 31. desember det året tapet har oppstått. | ||||||||||
| Sakshandsaming Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Fylkesmannen, som avgjer saka. | ||||||||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Fylkesmannen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. | ||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig eining
| ||||||||||
Kontaktpersonar
| ||||||||||
| Andre opplysningar | ||||||||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
