Kulturminner - tilskott til arkeologiske undersøkingar | |||||
| Oppdatert: 24.04.2012 15:39 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Har du fått løyve til å gjere inngrep i eit automatisk freda kulturminne på eigen eigedom, kan du få pålegg om at det skal gjerast arkeologiske undersøkingar før du set i gang tiltaket. Ved mindre private tiltak skal staten dekkje utgiftene heilt eller delvis dersom desse blir urimeleg tyngjande. Automatisk freda kulturminne er kulturminne datert før år 1537 eller samiske kulturminne eldre enn 100 år. | |||||
| Målgruppe Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne og kulturmiljø. | |||||
| Regelverk | |||||
Utfyllande retningsliner kan du få hos Riksantikvaren. Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om kulturminner (kulturminneloven) § 10 - Utgifter til særskilt gransking av automatisk fredete kulturminner Rettleiing Leve med kulturminner - St.meld. nr. 16 (2004-2005) | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Ta kontakt med Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga. Du kan også ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha nærmare informasjon om ordninga. | |||||
| Vedlegg Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi, og dessutan kostnadsoverslag. | |||||
| Søknaden sendes til Riksantikvaren, Postboks 8196 Dep, 0034 Oslo | |||||
| Sakshandsaming Riksantikvaren skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Riksantikvaren før klagefristen for vedtaket går ut. | |||||
| Sakshandsamingstid Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort. | |||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Riksantikvaren innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom Riksantikvaren lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-04-24 15:39 |
