Kulturskule

Kulturskulen kan gje følgjande tilbod:
  • Korps
  • Instrumentopplæring
  • Bildande kunst
  • Drama
Kulturskulen kan i dag tilby undervisning på desse instrumenta:
  • Piano
  • Keyboard
  • Fiolin
  • Fløyte
  • Klarinett
  • Saksofon
  • Kornett og andre messinginstrument
  • Gitar
Kulturskulen har instrument til utleige.
  • Fiolinane er i ulike storleikar og tilpassa elevane.
  • Vidare er det fløyter, klarinettar, gitarar og trekkspel.
  • Dei som søkjer aspirantopplæring, får blåseinstrument frå skulekorpset.
Påmelding/utmelding
  • Påmeldingsskjema blir delt ut til alle elevane i 2. og 3. klasse.
  • Søknadsskjema og meir informasjon om kulturskulen kan ein få ved å venda seg til rektor Nils Halleland på telefon 53758124 eller telefax 53758001.
Elev- og undervisningsinstruks

1. Undervisningsåret i kulturskulen følgjer grunnskulen si skulerute.

2. Søknad om opptak skjer på kulturskulen sitt søknadsskjema. Dette skal ein nytta når ein vil ta til på eit av desse tilboda:

  • Kor
  • Aspirantopplæring
  • Instrumentopplæring I (15 min)
  • Instrumentopplæring II (20 min)
  • Bildande kunst
  • Dans/drama
Elevplassen gjeld heile skuleåret!
3. Dersom ein må vera borte frå undervisninga, skal heimen freista å gje læraren melding
4. Ein treng ikkje søkja for å halda fram i eit nytt skuleår, men ein skal gje skriftleg melding når ein vil slutta (før 27. april). Føresett lyt attestera.
5. Eleven må møta presis og vel budd til undervisninga.
6. Eleven lyt hjelpa til med å halda ro og orden når han/ho møter til time. Dette gjeld òg for gangane og skuleplassen.
7. Konsertdeltaking, framføringar og utstillingar er ein integrert og naturleg del av kulturskulen sitt totale tilbod.
8. Elevpengar – semesterkontingent
A. Elevpengane vert kvart år fastsett av kommunestyret. Kommunen sender ut innbetalingsblankett på semesterkontingent i november og april.
B. Det er ikkje gjeve frådrag for timar som eleven ikkje nyttar, og læraren er ikkje pliktig til å ta att slike timar. Ved sjukdom over lengre tid og ved fråflytting, vil rektor vurdera reduksjon i kontingenten.
C. Elevar som sluttar i skuleåret av andre grunnar, lyt betala full kontingent.
9. Notemateriell og dyrare arbeidsmateriell som eleven får bruk for, lyt han betala sjølv.
10. Leige av instrument. Dei som leiger eit instrument frå kulturskulen, pliktar å ta godt vare på det.

Link til søknadsskjema

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne