Kulturskule

Kulturskulen_bassgitar_250x167.jpg
 
Påmelding/utmelding

Påmelding: noetne.speedadmin.dk
Spørsmål kan rettast til:
kultur@etne.kommune.no
Torbjørn Reiso, mob 977 92 685
Nils Halleland, mob 906 86 208

Kulturskulen kan gje følgjande tilbod:
  • Korps
  • Instrumentopplæring
  • Bildande kunst
  • Drama
Kulturskulen kan i dag tilby undervisning på desse instrumenta:
  • Piano
  • Keyboard
  • Fiolin
  • Kornett og andre messinginstrument
  • Gitar
Kulturskulen har instrument til utleige.
  • Fiolinane er i ulike storleikar og tilpassa elevane.
  • Vidare er det fløyter, klarinettar, gitarar og trekkspel.
  • Dei som søkjer aspirantopplæring, får blåseinstrument frå skulekorpset.
Elev- og undervisningsinstruks

1. Undervisningsåret i kulturskulen følgjer grunnskulen si skulerute.

2. Søknad om opptak skjer på kulturskulen sitt søknadsskjema. Dette skal ein nytta når ein vil ta til på eit av desse tilboda:

  • Aspirantopplæring
  • Instrumentopplæring I (15 min)
  • Instrumentopplæring II (20 min)
  • Gruppeundervisning på fiolin for 2. klassingar
  • Bildande kunst
  • Dans/drama
Elevplassen gjeld heile skuleåret!
3. Dersom ein må vera borte frå undervisninga, skal heimen freista å gje læraren melding
4. Ein treng ikkje søkja for å halda fram i eit nytt skuleår, men ein skal gje skriftleg melding innan 1. mai når ein vil slutta.
Føresett lyt attestera.
5. Eleven må møta presis og vel budd til undervisninga.
6. Eleven lyt hjelpa til med å halda ro og orden når han/ho møter til time. Dette gjeld òg for gangane og skuleplassen.
7. Konsertdeltaking, framføringar og utstillingar er ein integrert og naturleg del av kulturskulen sitt totale tilbod.
8. Elevpengar – semesterkontingent
A. Elevpengane vert kvart år fastsett av kommunestyret. Kommunen sender ut innbetalingsblankett på semesterkontingent mot slutten av undervisningshalvåret.
B. Det er ikkje gjeve frådrag for timar som eleven ikkje nyttar, og læraren er ikkje pliktig til å ta att slike timar. Ved sjukdom over lengre tid og ved fråflytting, vil rektor vurdera reduksjon i kontingenten.
C. Elevar som sluttar i skuleåret av andre grunnar, lyt betala full kontingent.
9. Notemateriell og dyrare arbeidsmateriell som eleven får bruk for, lyt han betala sjølv.
Elevplass på drama- og bildande kunst-tilbodet, medfører gebyr for bruk av forbruksmateriell.
10. Leige av instrument. Dei som leiger eit instrument frå kulturskulen, pliktar å ta godt vare på det.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut