Leksehjelp i grunnskulen

Oppdatert: 13.02.2012 14:36
Generelt
Omtale

Elevar på 1.– 4. årstrinn har rett til leksehjelp. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa. Det er frivillig om ein vil delta, men kommunen pliktar å tilby leksehjelp. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt.

Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane opplevinga av å meistre skulearbeidet og å jamne ut sosiale skildnader.

 

Kriterium/vilkår
  • Det skal tilbydast totalt åtte timar leksehjelp per veke på 1.–4. årstrinn
  • Kvart årstrinn skal minimum ha éin time leksehjelp per veke
  • Tilbodet kan ikkje avgrensast til elevar som har ekstra behov for opplæring
  • Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
  • Elevgruppa skal ikkje vere større enn at kvar elev blir følgd opp individuelt
Regelverk

Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 10-9 Politiattest
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp

Forskrifter
Forskrift til opplæringslova kap. 1A Leksehjelp for elevar i grunnskolen
Praktiske opplysninger
Klagemulighet

Elevar og foreldre kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom vedtak ikkje er gjort innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om det er gjort vedtak.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Bjørn Eikemo
Kontaktpersonar
Dagfinn Garnes Johnsen (Pedagogisk rådgjevar)
Telefon: 53758125
Mobil:
Telefaks:
Epost: dagfinn.garnes.johnsen@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-02-13 14:36

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne