Matlevering

Oppdatert: 17.04.2012 11:50
Generelt
Omtale

Tenesta er for heimebuande eldre eller funksjonshemma som på grunn av sjukdom, alder eller andre årsakar ikkje er i stand til å ivareta sitt ernæringsbehov. Tilbodet kan vera varm eller frossen middag som blir køyrd ut til heimen.

Målgruppe

Eldre eller funksjonshemma som bur heime

Kriterium/vilkår

Sjukdom, alder eller andre årsaker gjer at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt.
 

Regelverk

Tenesta er ikkje lovpålagd. Matlevering kan bli gjeven for å dekkje eit hjelpebehov som gjev rett på tenesta. I slike tilfelle blir tenesta gjeven etter helse- og omsorgstenestelova.
 



Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester

Forskrifter
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om matlevering, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Pleie og omsorg
Kontaktpersonar
Kitty Soltvedt Øyjord (Leiar)
Telefon: 404 15 462
Mobil: 404 15 462
Telefaks:
Epost: kitty.soltvedt@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-04-17 11:50

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne