Miljøplan i jordbruket

Oppdatert: 13.02.2012 14:36
Generelt
Omtale

Miljøplan i jordbruket er eit hjelpemiddel til å skildre og gjennomføre miljøtiltak på garden. Du skal ikkje sende planen inn til kommunen, men oppbevare han i ti år for revisjon og kontroll. Dersom miljøplanen din ved kontroll ikkje oppfyller krava til ein slik plan, vil produksjonstilskotet bli redusert.

Miljøplanen skal mellom anna bidra til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og synliggjere miljøinnsatsen i jordbruket. Han inngår som ein del av Kvalitetssystem i landbruket (KSL), som dokumenterer korleis matproduksjonen skjer på gardsbruka.

Målgruppe

Føretak som mottek produksjonstilskot, med unnatak av føretak som berre mottek tilskot til honningproduksjon.

Kriterium/vilkår

Miljøplan trinn 1 inneheld sjekkliste, ev. med tiltaksplan, gjødslingsplan, sprøytejournal og kart. Dersom eit føretak manglar miljøplan ved søknad om produksjonstilskot, blir tilskotet redusert etter satsar fastsett i jordbruksavtalen. Søkjer du i tillegg stønad til å gjennomføre spesielle miljøtiltak i jordbruket, skal du ha miljøplan trinn 2.

Regelverk

Jordlova §§ 3 og 18. Sjå § 4 i forskriften om innhaldet i ein miljøplan.



Lover
Lov om jord (jordlova)

Forskrifter
Forskrift om miljøplan
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen kan hjelpe deg med å skaffe kart og generell informasjon om miljøplanarbeidet. Du kan også få opplysningar om miljøverdiar og miljøutfordringar som gjeld i det aktuelle området.

Skjema

Du fyller blant anna ut ei sjekkliste frå Statens landbruksforvaltning.


Miljøplan - sjekkliste (SLF)
Veiledning - utfylling av sjekkliste
Sakshandsaming

Dersom miljøplanen ved kontroll ikkje blir godkjend, gjer kommunen vedtak om dette. 

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp hva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klag blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Bjørn Eikemo
Kontaktpersonar
Reidar Rødne (Rådgjevar)
Telefon: 53758261
Mobil: 91117763
Telefaks:
Epost: reidar.rodne@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-02-13 14:36

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne