Nabovarsel

Oppdatert: 21.03.2012 14:57
Generelt
Omtale

Når eit byggjetiltak skal iverksetjast, har naboar og tverrbuarar krav på å bli varsla om det tiltaket som skal setjast i gang. Dei får på den måten høve til å komme med merknader/protestar før tiltaket blir starta. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, er det du som tiltakshavar (byggherre) som sørgjer for nabovarsel. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), er det firmaet som sørgjer for nabovarsel.

Dersom naboeigedommen er eit sameige eller eit burettslag, er det normalt nok at styret får nabovarsel. Dersom du skal søkje om å rive, må dei som ev. har pant eller andre hefte i eigedommen, òg varslast. Naboane må få melding om at eventuelle merknader må vere komne til deg eller firmaet innan eien frist på to veker etter at nabovarselet er kome fram og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort tilgjengeleg. Varselet er normakl "kome fram" når det er levert til mottakaren si postkasse e.l. Nabovarselet er gyldig i eitt år. Søkjer du først etter det, må du varsle naboane på nytt.

Kommunen kan frita deg frå varsling eller utvide varslingsplikta, avhengig av tiltaket.

Målgruppe

Tiltakshavar (byggherre) eller firma (ansvarleg søkjar)

Kriterium/vilkår

Nabovarselet skal innehalde så omfattande opplysningar at naboar eller tverrbuarar (eventuelt også andre) kan vurdere om tiltaket vedkjem deira interesser. Det skal framgå om tiltaket krev dispensasjon frå føresegner i plan- og bygningslova. Dersom tiltaket du søkjer om fører til endra bruk, må nabovarselet opplyse om den tidlegare bruken. Varslinga må vere gjennomført før søknaden blir sendt. Dette kan gjerast på to måtar:

  • Naboen kvitterer direkte på varselet
  • Du sender varselet til naboen i rekommandert sending og får ei kvittering frå Posten
Regelverk

Lover
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 21-3 Nabovarsel

Forskrifter
Forskrift om byggesak § 5-2 Varsel til naboer og gjenboere
Praktiske opplysninger
Skjema
Nabovarsel
Vedlegg
  • Teikningar
  • Situasjonskart 
  • Andre opplysningar som kan gjelde interessene til naboen/tverrbuaren
Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Bjørn Eikemo
Kontaktpersonar
Odd Inge Vestbø (Rådgjevar)
Telefon: 53758230
Mobil: 91530575
Telefaks:
Epost: odd.inge.vestbo@etne.kommune.no
Lars Idar Yrke (Rådgjevar)
Telefon: 53758235
Mobil:
Telefaks:
Epost: lars.idar.yrke@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-03-21 14:57

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne