Næringsinformasjon
Du finn eit variert næringsliv i Etne kommune, med jordbruk, industri, handel, service og tenesteytande næringar m.fl. Det vert satsa på nyskaping og etablering av ulike typar bedrifter. Det er viktig for kommunen at der finst arbeidsplassar for dei unge som har ønskje om å etablera seg her.
Dei to tettstadene, Skånevik og Etne, har etablerte industriområde med Leknestangen, Tongane og Steinshagen. Her har ulike bedrifter etablert seg.
| Kontaktperson | Stilling | Telefon | Mobiltelefon |
|---|---|---|---|
| Sigve Sørheim | ordførar | 53758005 | 41561555 |
| Elling Hetland | rådmann | 53758020 | 90208849 |
| Annbjørg Bue | sakshandsamar | 53758260 | 41623027 |
Skal du starta og driva eigen bedrift eller er du etablert? Nærings- og handelsdeparementet og Innovasjon Norge har lagt ut ein del nyttig informasjon. Ta ein kikk på denne sida www.bedin.no og http://www.kom-an.no/
Narviktelefonene (800 33 840) er ein gratis nasjonal telefontjeneste som gir svar til gründerar og bedrifter om etablering og drift av næringsverksemd. Meir info her: www.bedin.no/cwpages/OmNarviktelefonene.shtml
Nettstaden etablerer.no er eit offentleg finansiert gratistilbod til gründerar.
Samarbeidsrådet i Sunnhordland disponerer regionalt næringsfond som m.a. er tilgjengeleg for innbyggjarane i Etne kommune.
Aktuelle lenkjer:
Etne Næringsutvikling SA
Søknadsskjema for Regionalt Næringsfond
Kriterier for Regionalt Næringsfond
