Næringsinformasjon

Du finn eit variert næringsliv i Etne kommune, med jordbruk, industri, handel, service og tenesteytande næringar m.fl. Det vert satsa på nyskaping og etablering av ulike typar bedrifter. Det er viktig for kommunen at der finst arbeidsplassar for dei unge som har ønskje om å etablera seg her.

Dei to tettstadene, Skånevik og Etne, har etablerte industriområde med Leknestangen, Tongane og Steinshagen. Her har ulike bedrifter etablert seg.

Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med:
 Kontaktperson Stilling Telefon Mobiltelefon
Siri Klokkerstuen ordførar 53758005 90880659
Pål Nygård  rådmann 53758020 45282004
Annbjørg Bue sakshandsamar 53758260 41623027

Skal du starta og driva eigen bedrift eller er du etablert? Nærings- og handelsdeparementet og Innovasjon Norge har lagt ut ein del nyttig informasjon. Ta ein kikk på denne sida www.bedin.no og http://www.kom-an.no/

 

Enklare å starte og drive bedrift

Altinn – starte og drive bedrift er ein del av Altinn-portalen. Her får etablerarar og etablert næringsliv informasjon om korleis ein etablerer og driv bedrift i tråd med regelverket. I tillegg er det her ein rekke nyttige verktøy, guidar og malar for betre og enklare forretningsdrift.

I tillegg til nettenesta fins ei telefonteneste kalt Bedriftsveiledning (800 33 840). Her kan ein få rettleiing av personell med lang erfaring og høg fagleg kompetanse. Tenesta er gratis. Ringer du frå fasttelefon i Noreg er også telefonsamtalen gratis. Tenesta er tilgjengeleg i kontortida måndag – fredag.

Altinn - starte og drive bedrift og telefontenesta vert driven av Brønnøysundregistrene.

 

Nettstaden etablerer.no er eit offentleg finansiert gratistilbod til gründerar.

Samarbeidsrådet i Sunnhordland disponerer regionalt næringsfond som m.a. er tilgjengeleg for innbyggjarane i Etne kommune. 
 

Aktuelle lenkjer:

Fikse Næringsutvikling SA
Regionalt Næringsfond

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut