Du er her: Heim Helse og omsorg NAV

NAV

Informasjonsside

NAV logo

I juni 2009 blei arbeid, trygd og sosial ført saman til ein heilskap, då NAV Etne blei opna. Tilsette frå stat og kommune arbeider saman for å finne gode løysingar for kvar einskild brukar.

 

NAV kontoret held til i andre etasje i Etne Sparebank bygget. Dersom du ynskjer kontakt med oss på telefon er nummeret 55 55 33 33. Du kjem då til NAV Kundesenter, som anten kan svare på spørsmåla dine eller setje deg vidare til nokon som kan.

Vi er i dag 7 tilsette som arbeider ved NAV Etne. Vi gler oss til å vere ein god støttespelar for alle som er i kontakt med oss.

NAV

NAV Etne sine tenester:
Rettar og plikter etter Lov om folketrygd, rett til behovsvurdering og arbeidsevnevurdering etter NAV lovas § 14 a, økonomisk sosialhjelp og Kvalifiseringsprogram.

NAV sin visjon:
Vi gir menneske moglegheiter.

Mål:
Vi skal arbeide for å få fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad.
Tilby samla tenester som er tilpassa brukars behov.
Utvikle ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning.

Verdiar:
Verdiane som har lege til grunn for utviklinga av NAV og som skal kjenneteikne NAV Etne er:
• Tydeleg
• Tilstades
• Løysingsdyktig

Opningstider:
NAV Etne har ope kvardagar frå 10.00 til 14.00. Stengt torsdagar. Tlf. 55 55 33 33 kl. 08.00-15.30.

Du er velkommen innom til oss!

Link til www.nav.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut