Offisiell opning av gang- og sykkelsti i Skånevik
Mange møtte fram til opninga av gang og sykkelstien


Måndag 19. desember vart den nye gangvegen mellom kaien i Skånevik og idrettsplassen offisielt opna av fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes.
Den rundt ein kilometer lange strekninga har fått utvida vegbana og eit tre meter breitt fortau. Langs vegen er det tilkomst både for Skånevik barnehage og Skånevik skule. I tillegg finn ein her avkøyringa til industriområdet.
Les meir Hordaland Fylkeskommune
