Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule – innhald og timetal | |||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Du kan vende deg til Fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn etter opplæringslova, dersom du meiner at skulen ikkje gir opplæring i samsvar med den fag- og timefordelinga som Kunnskapsdepartementet har utarbeidd. Oversynet viser kor mange timar kvart fag skal ha på dei ulike skoletrinna, og kva fagkombinasjonar som er moglege. Dette er ein del av Læreplanverket for Kunnskapsløftet – ei reform for skuleverket som starta i 2006. Skuleeigar er forplikta til å dokumentere at skulen følgjer fag- og timefordelinga. Skulen skal prioritere at eleven utviklar grunnleggjande ferdigheiter i å:
Desse ferdigheitene er integrerte i læreplanane for dei ulike faga. Læreplanane har tydelege mål for kva eleven skal meistre på dei ulike trinna. Dersom eleven ikkje har nok utbytte av den vanlege undervisninga, har ho eller han rett til spesialundervisning.. | |||||
| Samarbeidspartnarar Det er Fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn med at skuleeigar oppfyller krava i opplæringslova med forskrift, og at opplæringa skjer i samsvar med Kunnskapsløftet. Fylkesmannen kan gi skuleeigaren pålegg om å rette opp eventuelle avvik. | |||||
| Regelverk | |||||
Sjå opplæringslova §§ 2-3, 3-2, 3-4, 4A-6, 6-4 Lover Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Forskrifter Forskrift til opplæringslova kap. 1 Innhaldet i opplæringa Rettleiing Veiledninger til læreplaner i Kunnskapsløftet | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
