Pleie og omsorg

Skånevik omsorgssenter

Omsorgssenter i Etne kommune

Etne Omsorgssenter har 36 sjukeheimsplassar.
Ekspedisjonstid 8:00 – 15:00
Telefon 53 75 81 40
Besøksadresse: Gjerdsrabbane, Etne

Skånevik Omsorgssenter har 8 sjukeheimsplassar og 8 plassar i bemanna omsorgsbustad.
Ekspedisjonstid 8:00 – 15:00
Telefon 53 75 85 50
Besøksadresse: Skånevik

Sjukeheim er ei buform spesielt tilrettelagt for sjuke og eldre som har vanskeleg for å dekka sine behov for behandling, pleie og omsorg i eigen heim, men som ikkje treng opphald i sjukehus.

Alle innbyggjarar i kommunen har rett til nødvendig helsehjelp som heimesjukepleie eller plass i sjukeheim for behandling, pleie og omsorg. Kommunen har plikt til å yta, men ingen kan krevja ei bestemt type hjelpeteneste, t.d. plass i sjukeheim. Opphald i sjukeheim er frivillig og ingen skal bli tildelt plass mot sin vilje.

Bebuarar kan flytta frå sjukeheimen når dei sjølv ønskjer det. Utflytting mot bebuar sitt ønskje kan berre skje når faglege og medisinske grunnar talar for det, t.d. når ein er blitt så frisk at ein ikkje lenger treng døgnkontinuerleg behandling, pleie og omsorg. Ved korttidsopphald skal opphaldet normalt avsluttast den datoen som er avtalt.

Ulike buformar ved omsorgssentera

 

Søknadsskjema og meir informasjon finn du her:
Langtidsplass

Korttidsopphald

Avlastingsopphald

 

Bemanna omsorgsbustad
I eit bufellesskap er det felles opphaldsrom og kjøkken. Den enkelte har eit rom på ca 30 m2, og har stova, soverom/alkove og bad/WC. Det er knytta fast bemanning til eit bukollektiv.

Målgruppe
Personar som er helsesvake eller som har ein demensdiagnose og som har behov for å bu i ein bustad med personell tilgjengelig heile døgnet.

Kriterium:
Bukollektiv blir tildelt ut i frå ein samla vurdering av:
• Helsetilstand
• Behov for samvær med andre
• Utryggleik og einsemd.
• Mulighet til å førebyggja eigen omsorgssvikt

Tenesta omfattar ikkje:
Følge til lege/tannlege/ frisør med meir.
Medisiner, vaskeritenester, kost, husholdningsartiklar er ikkje inkludert i prisen.

Pris: Taksthefte

Dagtilbod – aktivitetstilbod
Tenesta er eit tilbod til personar som bur heime og som kan ha behov for:

• Å koma seg ut av eit isolert tilvære heime
• Aktivisering og rehabilitering
• Avlastning for pårørande

Målgruppe
Heimebuande eldre, psykisk utviklingshemma, funksjonshemma, personar med psykiske lidingar o.a.

Kriterier
Heimebuande utan alternative tilbod.

Pris: Taksthefte

Ubemanna omsorgsbustader
Etne kommune har til saman 42 omsorgsbustader

Gjerdsrabbane I og II, 20 bustader
Etne Bustadskiping, 14 bustader
Tusenfryd Bustadskipnad, 8 bustader

Omsorgsbustad er ein lettstelt leilegheit som ein kan leiga av kommunen. Leilegheitene har livsløpsstandard, den er på ca 55 m2, og inneheld stova, kjøkken, soverom og bad/wc. Det er ikkje felles opphaldsrom i tilknyting til omsorgsbustaden, men dei fleste bustadane ligg i nærleiken av eit omsorgssenter. Det blir gitt heimetenester etter individuell vurdering av behov og søknad.

Målgruppe
Eldre personar som av helsemessige årsakar har behov for ein lettstelt bustad.

Kriterium:
Omsorgsbustadar tildeles ut i frå ei samla vurdering av:
• Helsetilstand
• Behov for samvær med andre
• Utryggleik og einsemd.
• Moglegheit for å førebyggja eigen omsorgssvikt.
• At eigen bustad er vurdert tilrettelagt, eller at flytting til anna eigna bustad er vurdert.


Pris: Taksthefte


Ein må betala husleiga for omsorgsbustaden. I tillegg kjem utgifter til straum og innbuforsikring.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut