Politisk organisering
Arbeidsoppgåver
Komite Drift:
Komiteen har hovudansvar for alle driftsoppgåver i kommunen. Prinsipielt har ikkje komiteen ansvar for forvaltningsoppgåver som er tillagt kommunen gjennom lov og regelverk, men komiteen skal likevel ha ansvar når forvaltningsoppgåvene er direkte knytt til den kommunale drifta av ei teneste. Generelle ansvarsområde vil vera driftsspørsmål innan:
- Barnehage og skule
- Pleie og omsorg
- Kyrkje
- Kultur og fritidstilbod
- Friluftsinteresser
- Alle kommunale bygg, vegar, vatn, avløp, renovasjon og feiing
- Organisasjonsutvikling
Komite Forvaltning:
Komiteen har hovudansvaret for kommunen si lovforvaltning. Lovforvaltning som er knytt til kommunal drift skal likevel ikkje omfattast av utvalet sitt ansvarsområde. Komiteen har mynde i alle saker der kommunen gir løyve eller avslag, gjennomfører kontroll eller gir pålegg. Generelle ansvarsområde er:
- Landbruksforvaltning
- Byggesaker
- Regulering, reguleringsplanar og oppmåling
- Friluftsforvaltning
- Samferdsel
- Naturforvaltning og miljøvern
- Brannstyre og oljevern
- Lokale veg-, parkerings- og trafikkspørsmål
Formannskap:
Formannskapet har, på kommunestyre sine vegne, det folkevalde leiingsansvaret for forvaltning og tenesteytande verksemd innan områda:
- Økonomi
- Kommuneplan
- Sivil beredskap
- Overordna miljøvern
- Hastesaker
- Likestillingssaker
- Arbeidsgjevarpolitikk
- Næringsutvikling
- Overordna samferdsel
- Bygnings- og eigedomsforvaltning
- Formannskapet skal ta opp ad hoc-saker og saker som ikkje fell naturleg inn under andre styre sitt arbeidsområde.
