Politisk organisering

Politisk organisasjonskart 2Kommunestyre Ordførar Kontrollutval Komité drift Komité forvaltning Formannskap Rådmann

Arbeidsoppgåver

Komite Drift:

Komiteen har berre ansvar for kommunen sine driftsoppgåver, inkludert forvaltningsoppgåver innan sine ansvarsområde når driftsoppgåvene ikkje har økonomiske konsekvensar. Generelle ansvarsområde vil vere driftsspørsmål innan:

  • Barnehage og skule
  •  Helse og sosial
  •  Pleie og omsorg
  •  Kultur og fritidstilbod
  • Friluftsinteresser
  • Alle kommunale bygg, veger, vann, avløp, renovasjon og feiing.

Komite Forvaltning:

Komiteen har ansvar for kommunens lovforvaltning innanfor sitt ansvarsområdet, og har mynde i alle saker der kommunen gir løyver eller avslag, gjennomfører kontroll eller gir pålegg. Generelle ansvarsområde:

  • Landbruksforvaltning
  •  Bygningssaker
  • Regulering, reguleringsplanar og oppmåling
  •  Friluftsforvaltning
  • Naturforvaltning og miljøvern
  • Brannstyre og oljevern
  • Lokale veg-, parkerings- og trafikksikringsspørsmål

Komiteen er i tillegg det faste utval for plansaker.

Formannskap:

Formannskapet behandlar forslag til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. For øvrig fastset kommunestyret sjølv området for formannskapet si virksomhet, jf.
kommuneloven § 3, pkt. 3. Formannskapet er kommunens næringsstyre.

Formannskapet har, på kommunestyret sine vegner, det folkevalde leiingsansvaret for forvaltning og tenesteytande verksemd innan områda:

  • Økonomi
  •  Kommuneplan
  • Sivil beredskap (Beredskapslova)
  • Overordna miljøvern
  • Hastesaker (jf. § 5 i reglementet / kommunelova § 13)
  • Likestillingssaker
  • Arbeidsgjevarpolitikk
  • Næringsutvikling
  • Overordna samferdsel
  •  Bygnings- og eigedomsforvalting
  • Formannskapet skal ta opp ad hoc-saker og saker som ikkje fell naturleg inn under andre styre sitt arbeidsområde.
  • Interkommunalt samarbeid
  • Organisasjonsutvikling
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut