PP-tenesta

Oppdatert: 13.02.2012 14:36
Generelt
Omtale

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen, vidaregåande skular og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntil to års ekstra vidaregåande opplæring
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1
Målgruppe

Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kriterium/vilkår

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Regelverk

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.



Lover
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 5-6 Pedagogisk-psykologisk teneste
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 5-7 Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder

Forskrifter
Forskrift til opplæringslova
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Skjema

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.


Søknadsfrist

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Sakshandsaming

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.

Sakshandsamingstid

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Bjørn Eikemo
Kontaktpersonar
Dagfinn Garnes Johnsen (Pedagogisk rådgjevar)
Telefon: 53758125
Mobil:
Telefaks:
Epost: dagfinn.garnes.johnsen@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-02-13 14:36

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne