Rådgiving i skulen | |||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale På den skolen du går, skal det vere eit tilbod om rådgiving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgiving). Skulen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dem. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgivingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgivinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller. | |||||
| Målgruppe Elevar i grunnskule og vidaregåande skule | |||||
| Kriterium/vilkår Rådgivinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta. | |||||
| Samarbeidspartnarar Eleven sine føresette og hjelpeinstansar utanfor skulen | |||||
| Regelverk | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Som skuleeigar har kommunen/fylkeskommunen ansvar for å ha eit tilbod om rådgiving. Dersom du ikkje får nødvendig rådgiving, kan du vende deg til Fylkesmannen som fører tilsyn etter opplæringslova. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
