Reduksjon eller fritak for skatt (ettergjeving eller nedsetjing av skatt) | ||||||||||
| Oppdatert: 21.03.2012 15:00 | ||||||||||
| Generelt | ||||||||||
| Omtale Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt. | ||||||||||
| Målgruppe Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar. | ||||||||||
| Kriterium/vilkår Du kan få utsett innbetaling av utskriven skatt eller fritak for forskottstrekk dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt. | ||||||||||
| Samarbeidspartnarar Skattekontoret, skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasserar), Skatteetaten | ||||||||||
| Regelverk | ||||||||||
Lover Lov om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven) kap. 15 Betalingsutsettelse og betalingsnedsettelse – lempning | ||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde
Alle opplysningane bør vere dokumenterte. | ||||||||||
| Vedlegg Kopi av sjølvmelding for dei siste to åra, eventuelt siste likning | ||||||||||
| Sakshandsaming Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000. | ||||||||||
| Klagemulighet Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg. | ||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig eining
| ||||||||||
Kontaktpersonar
| ||||||||||
| Andre opplysningar | ||||||||||
| Dato oppdatert 2012-03-21 15:00 |
