Reiseliv

Stordalen sett frå E-134 mot Frette
Stordalen sett frå E-134 mot Frette

Etne er som reiselivskommune særs variert og spanande. Her finn du friluftstilbod frå fjord til fjell, fiske i elver og vatn og eit mangfaldig kulturlandskap med mengder av kulturminne.

Geografisk sett er kommunen tredelt: Mot aust ligg Åkrafjorden med storslagen natur og mektige Langfoss, Norges 5. høgaste foss med 612 m fallhøgde. I vest finn vi ferjestaden Skånevik, "Sunnhordlands perle", med båtliv og sørlandsidyll. I sør brer jordbruksbygda Etne seg utover med sitt historiske landskap. Etneelva, ei av Vestlandet sine beste lakseelvar, buktar seg ned frå Stordalen, eit vakkert dalføre full av kulturhistorie, m.a. fleire hellerisningar. Ved Etnesjøen ligg bygdemuseet Sæbøtunet, og i bygda elles finn vi fleire historiske kyrkjer, bygdeborgar og gravfelt. På Stødle var der kongesæte sist på 1100-talet, då Erling Skakke og sonen Magnus styrte landet.

Badeholmen Peparen i Skånevik
Badeholmen Peparen i Skånevik

Friluftsliv i Etne kan opplevast i alle utgåver; frå tilrettelagde badeplassar og turområde til urørte fjellvidder.

På nordsida av Åkrafjorden finn vi dramatisk villmark av første klasse. I Etnefjella er der T-merka løypenett og turisthytter frå Olalia i vest til Seljestad i aust, med over 40 gode fiskevatn på vegen.

Over fjellet mellom Etne og Skånevik går ein bit den gamle postvegen Stavanger - Bergen. I Rullestadjuvet ligg ein annan postveg, snart ferdig restaurert. Herifrå kan du ta avstikkaren opp til dei særmerkte jettegrytene.

Rundt i heile kommunen byr fjordane på varierte opplevingar og gode fiskeplassar. Du kan leige båt og kajakk fleire stader, også på Stordalsvatnet. På fjorden er Taraldsøy på Skånevikstranda eller Romsa-øyane i Ølen fine turmål. På Osnes ved Etne kan du raste eller gå natursti på det tilrettelagte området til Olav Vik-stiftelsen.

Rundt 40.000 personar er årleg innom Etnemarknaden
Rundt 40.000 personar er årleg innom Etnemarknaden

I sommarhalvåret er der stort tilbod av organiserte aktivitetar i kommunen.

I Skånevik blir der arrangert Torgdagar og stor bluesfestival med verdskjende artistar. Du kan gå på galleri, motormuseum, dra på gardsbesøk eller villmarksleir, leige sykkel på hotellet eller ta eit bad på Peparholmen.

I Etne er Etnemarknaden den store folkefesten. Sogespelet "Kongen frå Etne" blir vist annakvart år. Kunst kan opplevast både ute i Etne sentrum og inne på hotell Fugl Fønix. Ein skikkeleg amerikansk saloon er òg mogleg å vitje, og på Etne Kulturhus er det kino kvar onsdag, fredag og søndag.

På Åkrafjordtunet på Teigland kan du kjøpa den kjente Åkrafjordpølsa og slappa av på kafè. Har du tid, bør du køyre den gamle Åkrafjordvegen mellom Skålnes bru aust for Markhus og Tjelmeland. Her kjem ein tettare inn på fjordlandskapet, og utsikten er storveis fleire plassar. Svingar du nedom Kyrping, kan du sjå døme på ein gamal og nedlagt handelsstad.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut