Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar | |||||
| Oppdatert: 13.02.2012 14:36 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på. | |||||
| Målgruppe Elevar frå språklege minoritetar i grunnskule og vidaregåande skule | |||||
Kriterium/vilkår
| |||||
| Regelverk | |||||
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Lover Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-8 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-12 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 3-5 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar Forskrifter Forskrift til opplæringslova Rettleiing Informasjon om endringer i opplæringsloven (rundskriv F-14-08) Informasjon om endringer i opplæringsloven (rundskriv) | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen (grunnskulen) eller fylkeskommunen (vidaregåande skule) for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa. | |||||
| Sakshandsaming Kommunen/fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik du har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal òg utførast undervegs i opplæringa, som grunnlag for å vurdere om du har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa. | |||||
| Sakshandsamingstid Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. | |||||
| Klagemulighet Dersom kommunen/fylkeskommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule). Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-02-13 14:36 |
