Skogfond | |||||
| Oppdatert: 24.04.2012 12:12 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til
| |||||
| Kriterium/vilkår For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket. | |||||
| Regelverk | |||||
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om skogbruk (skogbrukslova) Forskrifter Forskrift om skogfond o.a. | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Statens landbruksforvaltning - sjå lenkja under. | |||||
| Skjema Statens landbruksforvaltning gjer etter kvart sine elektroniske tenester tilgjengelege på Altinn. For at du skal kunne bruke Altinn, må skogeigendommen vere registrert på ein personleg eigar med eit fødselsnummer. Inntil vidare må andre bruke den gamle pålogginga på SLF si heimeside. Sjå skjema SLF-909 og SLF 910. Altinn - Hvordan logge seg på SLFs elektroniske tjenester? Altinn - Skogfondsystemet Statens landbruksforvaltning (forkjellige skjema) | |||||
| Vedlegg Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt. | |||||
| Søknadsfrist Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa. | |||||
| Sakshandsamingstid Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort. | |||||
| Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-04-24 12:12 |
