Skulefritidsordning i Etne kommune (1.-4. klasse.)
Ein kan søkja heile året, men kvart år vil det vera ein frist 1. mai med omsyn til eit hovudopptak ved skulestart i august. Born som har fått plass, har plassen til dei går ut av 4. klasse dersom den ikkje vert sagt opp.
Elektronisk søknadsskjema:
SFO - ny plass, permisjon og utmelding
Minste timetal er 6 timar pr veke.
Opningstida er ulik ved skulane (sjå under). Pris er kr 23,- per time.
Timar ein kjøper utanom kontrakten vil kosta kr 28,- pr time.
Prisen blir utrekna slik at det er fast månadspris i 10 mnd og halv pris i august.
Fast pris pr. mnd : kr 23,- * timar pr veke * 38 veker/10,5 mnd
Opningstida i SFO er slik (Tidene er tilpassa småskulen si undervisningstid):
Rygg skule: Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 07.30 – 08.45 og 14.35 – 16.30
Onsdag: 07.30 – 16.30
Enge skule: Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 07.00 – 08.45 og 14.35 – 16.30
Onsdag: 07.00 – 16.30
Skånevik skule: Måndag, tysdag, torsdag og fredag: 07.30 – 08.20 og 13.50 – 16.15
Onsdag: 08.30 – 15.30

