Spesialundervisning i grunnskulen

Oppdatert: 13.02.2012 14:36
Generelt
Omtale

Om du ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den vanlege undervisninga, har du rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev deg eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Du skal ha det samme totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal Pedagogisk-psykologisk teneste vurdere kva for spesielle behov du har og kva for opplæringstilbod du eventuelt bør få.

Regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.



Lover
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) kap. 5 Spesialundervisning
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.

Sakshandsaming

Før PP-tjenesten gjer ei sakkunnig vurdering og kommunen gjer vedtak, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Utvikling
Leder:Bjørn Eikemo
Kontaktpersonar
Dagfinn Garnes Johnsen (Pedagogisk rådgjevar)
Telefon: 53758125
Mobil:
Telefaks:
Epost: dagfinn.garnes.johnsen@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2012-02-13 14:36

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne