Støttekontakt | |||||
| Oppdatert: 21.03.2012 14:59 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Du kan søkje om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller komme ut av eit isolert tilvære. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen. De møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er dine interesser og behov som avgjer. Tenesta kan gjevast individuelt eller i gruppe. | |||||
| Målgruppe Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem | |||||
| Kriterium/vilkår Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande. | |||||
| Regelverk | |||||
Dette er ei lovpålagd teneste. Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan vende deg til kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkomande ha fullmakt. | |||||
| Vedlegg Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg. | |||||
| Sakshandsaming Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. | |||||
| Klagemulighet Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Let kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-03-21 14:59 |
