Gjeldande tilskotsordningar for frivillige lag og organisasjonar

KVEN KAN FÅ TILSKOT?
Etter søknad kan det frå kulturbudsjettet ytast tilskot til lokale og interkommunale lag og organisasjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Etne kommune. Med kulturverksemd forstår ein verksemd/aktivitetar som høyrer under tradisjonelt kulturarbeid, studiearbeid, barne- og ungdomsarbeid, og idrett og andre fritidsaktivitetar.
For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda.
Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.
Unnateke frå stønad er yrkes- og næringsorganisasjonar, og politiske parti med deira underorganisasjonar.
For tildeling av tilskot gjeld nærare reglar som er omtala under tilskotsordningar.
Delegert jfr. pkt. 6.15 i reglementet.

TILSKOTSORDNINGAR:

2.1: DRIFTSTILSKOT:

Driftstilskot blir ytt til lag og organisasjonar med kontinuerleg verksemd under fire tilskotsgrupper med øyremerkte budsjettpostar:

1. Idretts- og skyttarlag vert tildelt tilskot etter eigen fordelingsnøkkel vedteken av Etne Idrettsråd. Komite Folk 35/96.
(Utanom kulturbudsjettet kjem kommunale tilleggsytingar til idrettsaktivitetar for vedlikehald/drift av kommunale idrettsanlegg og reklameinntekter på idrettsanlegga)
2. Musikklag/songkor vert tildelt tilskot etter eigen fordelingsnøkkel vedteken av Etne Musikktsråd.
3. Barne-/ungdomslag.
4. Ymse lag. (Foreiningar for pensjonistar/funksjonshemma er prioriterte)
Søknad på søknadsskjema innan 15. mars vedlagd årsmelding og revidert årsrekneskap.

Søknadsskjema for musikklag/kor, barne/ungdomslag, ymse lag

Søknadsskjema for idretts- og skyttarlag

TILSKOT TIL DRIFT AV LAG OG ORGANISASJONAR:

1. Driftstilskot til kulturorganisasjonar blir tildelt på grunnlag av søkjarane sin reviderte resultatrekneskap frå siste år.
2. Tilskostsummen blir fastsett kvart år av kulturstyret, og blir fordelt mellom søkjarane etter same prosentdel som den enkelte søkjar sine netto driftsutgifter utgjer av søkjarane sine samla driftsutgifter. Tilskotssummen for kvar søkjar skal rundast nedover til næraste 100 kroner.
3. For interkommunale organisasjonar med medlemer i Etne kommune vert det utbetalt tilskot etter 1/3 av dei dokumenterte driftsutgiftene.
4. Maksimalt tilskot for ein organisasjon er 20.000,-. Alle tiltak/undergrupper høyrer til under hovedorganisasjonen,og kan ikkje vera sjølvstendig søkjar.
5. Forsamlingshus vert ikkje rekna som organisasjon i denne samanheng.
6. Driftstilskot blir ikkje tildelt lag som:
- har eit rekneskapsoverskudd større enn sist tildelte tilskot, dette gjeld ikkje lag med overskot mindre enn 2.500,-.
- har oppsparte midlar tilsvarande 5 gonger utrekna tilskot.
- har oppsparte midlar tilsvarande 10 gonger utrekna tilskot avsett til øyremerka føremål.
Lån som laget har går i fråtrekk på "oppsparte midlar".
Tilskot/gåver til andre blir ikkje godkjent som driftsutgifter, men skal dokumenterast i årsoppgjeret som disponering av årsoverskotet.
7. Søknader utan revidert resultatrekneskap og årsmelding blir ikkje handsama.
8. Minimum 10 medlemer skal vera busette i Etne kommune.
9. Unytta tilskotsløyvingar ved siste tildeling kvart år blir delegert til kultursjefen å tildela lag og organisasjonar etter skjønn. Tildelinga skal følgja budsjettpostar/lag kategori og bør følgja påskjønningsprinsippet utifrå til eikvar tid prioriterte tiltak. 

2.2: AKTIVITETSLEIARTILSKOT:

Tilskotsordninga skal stimulera og styrkja opplæring av instruktørar for barne- og ungdomsaktivitetar.

Tilskot blir ytt til lag/organisasjonar som driv barne- og ungdomsarbeid i Etne kommune, og som kan dokumentera at dei siste året har hatt medlemmer på aktivitet-/instruktørkurs. Laget/organisasjonen må vera søkjar og får tilskotet utbetalt til seg.

Søknad på søknadsskjema med oppgåve over kurstype, deltakarnamn og vedlegg som viser utgifter til reise, opphald, kursavgift og kursmateriell. Søknadsskjema.

Søknadsfrist 15. november.

Tilskot: Den enkelte søkjar sin prosentdel av søkjarane sine samla dokumenterte utgifter blir nytta som utrekningsfaktor ved fordeling av budsjettsum. Maksimumstilskot til den einskilde søkjar er 70 % av dokumenterte utgifter.

2.3: LEIARTILSKOT:

Tilskotsordninga skal stimulera og styrkja opplæring av leiarar.

Tilskot blir ytt til lag/organisasjonar som driv lagsarbeid i Etne kommune, og som kan dokumentera at dei siste året har hatt medlemmer på leiarkurs.

Laget/organisasjonen må vera søkjar og får tilskotet utbetalt til seg.

Søknad på søknadsskjema med oppgåve over kurstype, deltakarnamn og vedlegg som viser utgifter til reise, opphald, kursavgift og kursmateriell. Søknadsskjema i Word-format.

Søknadsfrist 15. november.

Tilskot: Den enkelte søkjar sin prosentdel av søkjarane sine samla dokumenterte utgifter blir nytta som utrekningsfaktor ved fordeling av budsjettsum. Maksimumstilskot til den einskilde søkjar er 70 % av dokumenterte utgifter.

2.4: TILSKOT TIL EINSKILDTILTAK:

Einskildtiltak som ikkje er del av ordinær årleg lagsverksemd kan få tilskot frå kulturbudsjettet (for tida er der ikkje budsjett til anna enn små tiltak innan friluftsliv / kulturvern. Ev. kan det vurderast å søkje om tilskot frå staten eller fylket).

Søknad i brev når som helst i året med utgreiing om tiltaket, kostnadsoverslag og finansieringsplan. (ta helst kontakt på førehand for avklaring om moglegheitene).

Tilskot: Etter nærare vurdering i kvart einskild høve.

2.5: TILSKOT TIL NYSKIPA LAG:

Nyskipa lag kan få eit starttilskot på kr. 1000,-. Laget må ha minst 10 skrevne medlemmer og vald styre.

Søknad i brev når som helst i året, med oversikt over medlemmer og styre.

2.6 TILSKOT TIL FELLESTILTAK:

Tilskot til fellestiltak har vakse fram etter kvart utan faste tilskotsreglar.

For tida er det øyremerkte budsjettpostar for tilskot, som blir vedtekne som del av det årlege budsjettvedtaket, til samfunnshus, idrettshall, kino, sogelag og opplysningsråd.

Utbetaling etter motteke årsmeldling og revidert rekneskap.

2.7: TILSKOT LEIKEPLASSAR:

Lag kan søkja om tilskot til anlegg/vedlikehald av leikeplassar i bustadområde. Nyanlegg vil verta prioritert.

Søknadsfrist: 15. mars på eiget søknadsskjema. Søknadsskjema.

2.8: KJØP AV KULTURTENESTER

Lag kan søkja om midlar innanfor fylgjande kategoriar:

a. Ope fritidstilbod til ungdom (Helgetilbod til ungdom mellom 15 og 18 år blir prioritert).
b. Underhaldning ved institusjonane i kommunen (spelejobbar, framføringar etc. Gjeld ikkje tradisjonelle oppdrag ved høgtider o.a.)
Søknad i brev når som helst i året med utgreiing om tiltaket, kostnadsoverslag og finansieringsplan (ta helst kontakt på førehand).

Tilskot: Etter nærare vurdering i kvart einskild høve.

2.9: SÆRSKILDE KULTURTILTAK:

Ved sidan av andre tilskot, kan lag og organisasjonar få tilskot til særskilde kulturtiltak. Rammene for slike vedtak vert fastsett av komiteen kvart år når budsjettvedtak er gjort.

Søknadsfrist: 1. september.

Kontakt oss

Telefon:
Faks:
53 75 80 00
53 75 80 01
Postboks 54, 5591 Etne