Tuberkuloseundersøking | |||||
| Oppdatert: 21.03.2012 14:59 | |||||
| Generelt | |||||
| Omtale Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Tuberkuloseundersøkinga består av ein tuberkulintest (hudprøve), røntgenfotografering av lungene og eventuelt ei blodprøve. Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekkje organ. Den viktigaste forma er lungetuberkulose. Denne kan vere livstruande utan behandling. Undersøkinga utgjer ein del av kommunen sitt program for å førebyggje og kjempe mot tuberkulose. En person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre. | |||||
| Målgruppe Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:
| |||||
| Regelverk | |||||
Undersøkinga er ein del av dei smittevernplanane som kommunen er pålagd å ha. Lover Lov om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) § 7-1 Kommunens oppgaver, § 7-3 Det regionale helseforetakets ansvar Forskrifter Forskrift om tuberkulosekontroll Forskrift om tuberkulosekontroll kapittel 3 - Plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkelse, gjennomføring og oppfølging mv. | |||||
| Praktiske opplysninger | |||||
| Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Kommunen skal sørgje for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkjarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. Hudprøve og oppfølging av denne kan skje seinare. | |||||
| Klagemulighet Du kan søkje om fritak frå tuberkuloseundersøkinga. Får du avslag, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Vedtak om isolering som er gjort av smitevernnemnda, kan overprøvast av tingretten. | |||||
| Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
| Andre opplysningar | |||||
| Dato oppdatert 2012-03-21 14:59 |
