Vil du bli valmedarbeidar?

Valgurne_1

Etne kommune treng nokre gode medarbeidarar for å gjennomføre stortingsvalet måndag 11. september. Vil du vera ein av dei?

2017-04-20

Kven kan vera med?

  • Du må ha fylt 18 år.
  • Listekandidatar ved stortingsvalet og medlem av politiske utval i Etne kommune kan ikkje vera valmedarbeidarar.
  • Du bør vera serviceinnstilt, nøyaktig og positiv, og kunne rettleie veljarar og utføre praktisk arbeid.
  • Du bør vera kjent med bruk av pc.
  • Du må også ha teke i bruk MinID eller BankID, og vera kjent med bruken av dette. Dette vert brukt til pålogging til det valadministrative systemet.
  • Du må kunne delta på opplæring.


Søknadsfrist: 15. mai 2017


Arbeidsoppgåver:

Dei viktigaste oppgåvene er:

  • Ta i mot og rettleie veljarane
  • Kontrollere legitimasjon
  • Søke opp veljarane i elektronisk manntall og krysse av for avgitt stemme
  • Stemple stemmesetlar
  • Sikre at veljarane legg setlane rett i urnene
  • Vise veljarane rett veg ut av lokalet
  • Telle stemmesetlar når stemmegjevarane er ferdige kl. 20:00
  • Bringe utstyr til Tinghuset (gjeld kun to av stemmestyremedlemane)

 

Når skjer stortingsvalet?

Valet foregår på tre ulike stemmestader måndag 11. september. Vallokala i Skånevik og Etne er opne for veljarane frå kl. 10:00 til kl. 20:00. På Sævareid er det ope frå kl. 15:00 til kl. 20:00.
 


Vallokale i Etne kommune:

  • Etnesjøen krins: Skakkesenteret
  • Skånevik krins: Skånevik skule
  • Åkrafjorden krins: Sævareid skule

 

Organisering og betaling:

Du får tapt arbeidsforteneste dersom du er i lønna arbeid.

 

 

Høyrest dette interessant ut? Send ein epost til Beate Hetleflåt, valansvarleg i Etne kommune, og meld di interesse.

Ta med følgjande informasjon i e-posten:

  • Navn, adresse, telefonnummer
  • E-postadresse
  • Fødselsdato
  • Ønska vallokale

Du kan også ta kontakt på tlf. 53 75 80 00 dersom du har spørsmål.

Tip a friendTips ein ven