Viltforvaltning

Utviklingsavdelinga har i oppgåve å handsama saker som gjeld viltforvaltning.

hjort.jpg 

Har du spørsmål kan du kontakte Annbjørg Bue tlf 53 75 82 60

Viltnemnd 2015 - 2019
Medlemer Varamedlemer
John Kåre Opheim, leiar Per E. Rullestad
Torbjørn Grønstad Einar K. Sævareid
Nils Rullestad Torbjørn Åsheim
Jens Birger Gjerde Albert Inge Rafdal
Alf Birkenes Ingelin Stålesen


I Hjorteviltregisteret finn du data frå jakt på hjort, rådyr og elg og opplysningar om fallvilt. Sjå http://www.hjortevilt.no/

Møteplan og saksdokument finn du her: LINK

Viltrapporten til Etne kommune finn du her

Hjorteviltplan for det interkommunale hjorteviltutvalet

Etne kommune er medlem av Hjorteviltutvalet for Karmøy, Bokn, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Sauda, Suldal, Etne og Sveio. Hjorteviltutvalet har m.a. tilbod om sporhund og utfører også jaktoppsyn. Sjå link: hjorteviltutvalet.

Viltnemnda fungerer også som fallviltnemnd. Ved påkjørsel av vilt skal politiet kontaktast på telefon 52 86 80 00.

Statens naturoppsyn (SNO) har ansvaret for skadedokumentasjon av rein og husdyr som er mistenkt å vere drept eller skada av rovvilt. Kadavre blir undersøkt som regel i felt av lokal rovviltkontakt. Rovviltkontakten for Etne er Leiv Trygve Varanes og telefonnummeret hans er 95056952. Sjå heimesida til Statens naturoppsyn.

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet har ansvaret for reinsdyrstamma i området Skaulen-Etnefjell. Sjå her

Nye jakt- og fangsttider:

Jakttida på hjort vert utvida som et verkemiddel for å regulera bestanden. Det er ein av dei største endringane i ny forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun, som gjeld frå 1. april 2012. Sjå meir informasjon her:
Nye jakt og fangsttider
 

Fristar for rådyr-, elg- og hjortejakt er:

• 1. april for melding om endringar siste år vedk. valdgrenser, eigedomstilhøve, teljande areal m.v.
• 1. mai for søknad om godkjenning av bestandsplanområde for jakt på elg og/eller hjort
• 15. mai for for søknad om nye hjorteviltvald , endring av fellingstalet i eldre vald og opning for jakt på rådyr

Viltfondet:

Fellingsavgifta frå hjorteviltjakta blir sett av på eit bundet driftsfond som utelukkande kan forvaltast til viltføremål. Fondet kan m.a. brukast til tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m.. Det er ingen søknadsfrist og alle kan søkje viltnemnda om tilskot.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut